NLP

Nevro Lingvistisk Programmering (NLP) handlar om samanhengen mellom sansar, språk og programmering.

NLP har mange verkty for å betre kommunikasjon, motivasjon og til å skape endringar i fastlåste tankemønster og handlingar. Med desse verktya kan du motivere deg sjølv, endre unyttige overtydingar og handlemønster, oppleve å stå stødigare i dine val og oppnå betre strategiar for å nå måla dine. NLP gir deg innsikt og forståing for dei psykologiske mekanismane som ligg til grunn for dei vala du gjer.