Nevro-semantikk

Nevro-semantikk er læra om korleis mennesket skapar meining (semantikk) ut i frå sine erfaringar og opplevingar, og korleis dette påverkar tankesett og sanseapparat (nevro). I nevrosemantikk er vi ikkje så opptekne av kva vi faktisk erfarer, men korleis vi reflekterer og tenkjer om våre erfaringar. Kva vi tenkjer om oss sjølve og andre,og det vi opplever vert heilt avgjerande for vår livskvalitet og korleis vi møter den verda vi lever i og med kva briller vi ynskjer å sjå verda gjennom.

Denne retninga er utvikla av Dr.L. Michael Hall og Bobby G. Bodenhamer. I 1996 starta dei Institute of Neuro-Semantic og seinare International Society og Neuro-semantics.