Meta-Coaching

Meta-Coaching er utvikla av dr. L Michael Hall, professor i kognitiv psykologi, og Michelle Duval.

Meta-Coaching representerer noko av det mest kraftfulle innanfor coaching i dag. Metoden kan nyttast på alle områder i livet, både i privatlivet og i yrkessamanheng.

Meta-Coaching byggjer på dei to kommunikasjonsmodellane NLP (nevrolingvistisk programmering) og nevro-semantikk.

Ein Meta-Coach (ACMC) har gjennomført eit eige treningsopplegg og er sertifisert ut i frå evner og prestasjonar målt opp i mot ein internasjonal standard. For å behalde sertifiseringa må desse prestasjonane haldast ved like og kompetansen fornyast jamleg.

Meta-Coachen er utdanna i å tilrettelegge prosessen for ein enkeltperson, ein organisasjon, eit team eller ei gruppe framover mot eit førehandsbestemt mål. Dette gjer ein ved bruk av utfordrande fokusert dialog for å hente fram djupare meiningar, intensjonar og motivasjon. Ein identifiserer og mobilisere indre og ytre ressursar for å utvikle og frigjere potensial og for å kunne nå dei mål enkeltpersonen, organisasjonen, teamet eller gruppa har sett seg.