Jungiansk Type Index

Jungianske Type Index (JTI) er eit verkty som er bygd på Carl Gustav Jung sin kjende typeteori. Det er eit ikkje-evaluerande psykologisk verkty som er nyttig på mange ulike områder. JTI gir oss nyttige forklaringar på kvifor ulike menneske ofte vel og handlar ulikt.

Forstå deg sjølv og andre betre

Kartlegginga tek føre seg 4 dimensjonar, og syner oss preferansar knytt til:

  • Korleis vi hentar energi og forheld oss til andre menneske
  • Korleis vi tek inn informasjon (persepsjon)
  • Kva vi byggjer våre avgjerder på
  • Korleis vi forheld oss til den ytre verda

Ulike typar arbeider gjerne ulikt

Alle preferansar er like viktige, og alle typar er likeverdige. Vi finn altså ingen gode eller dårlege typar – berre ulike. Dei ulike typane løyser oppgåver ulikt, trivst betre med visse arbeidsområde framfor andre osb. Kartlegginga måler heller ikkje evner, talent, dugleik eller definerer «kven ein er».

Kvifor JTI?

  • Forstå deg sjølv og andre betre
  • Bli kjend med eigne styrkar og preferansar
  • Bruk energien din der den gir best resultat
  • Kjenn att mogelege konfliktområde i forholdet ditt til andre menneske
  • Skap omgjevnader som fører til det beste resultatet
  • Få eit medvite forhold til dine eigne personlege eigenskapar

Ta kontakt for påmelding til kurs eller meir informasjon om JTI

På telefon (gjerne SMS): 95 89 23 97
I melding på e-post: annlovis@mentik.no
I melding på Facebook: facebook.com/mentik.no