Coaching

Er du villig til å gjere ein innsast for å nå måla dine?

Coachen er støttespelar for deg når du verkeleg ynskjer endring og utvikling. Å gå til coaching kan på mange måtar samanliknast med å ha din eigen personlege trenar. Du får hjelp til å tydeleggjere målet ditt, og du får ein støttespelar som følgjer deg heilt fram til målet er nådd.

Mental styrketrening

Saman med Mentik hentar du fram dine personlege mentale styrkar, og vi driv verkeleg styrketrening som både kan merkast og målast. Som styrketrenar vil coachen også vere der for å heie, stimulere til innsats og pushe deg om du misser fokus.

Kva metodar har Mentik i verktykassa?

Passar coaching for meg?

Coachingmetodane som Mentik nyttar, har relevans for alle menneske. Difor vert dei nytta til å skape endring både i forretningsliv og i privatliv. Dersom du sjølv ynskjer ei eller anna form for endring, vil du ha nytte og utbytte av coaching.

Korleis går coaching føre seg?

Coachingsamtalane går vanlegvis føre seg på Mentik sitt kontor på Stålhaugen i Ulsteinvik. Her har vi inspirerande utsikt og er samstundes skjerma mot innsyn. Dersom du ynskjer det, kan samtalane også gå føre seg på Skype eller på ditt eige kontor.

Ein vanleg coachingpakke er på 6, 10 eller 20 timar og startar alltid med ein uforpliktande introduksjonstime. Introduksjonstimen er sett av til informasjon, avklaring, målformulering og til å setje opp samarbeidsplan.

Bestill ein gratis og uforpliktande introduksjonssamtale:

På telefon (gjerne SMS): 95 89 23 97
I melding på e-post: annlovis@mentik.no
I melding på Facebook: facebook.com/mentik.no