Spel kvarandre gode

Lær å spele deg sjølv og andre gode

Kven er du som leiar eller medarbeider? Bli kjent med 4MAT- modellen. Finn styrkane og potensialet i din eigen stil.

Spel dine medarbeidarar gode.

Lær å hente fram  talent, motivasjon og potensiale hos andre. Bli tydelegare i di formidling slik at du som leiar eller medarbeider når alle med ditt bodskap.

Samarbeid og kommunikasjon

Lær korleis du kan gjere samarbeid og kommunikasjon betre, når nokon har ein annan læringsstil enn deg.  Oppnå resultat saman med menneske som alle er ulike.

Investering

Pris for bedriftsinternt dagskurs  NOK 22.000,-   eks. reiseutgifter og mva.

(frå 5 – 20 deltakarar, for større eller mindre grupper ta kontakt for tilpassa tilbod)

Referansar

«Å delta på kurs med Mentik var kjempenyttig! Teamet vårt fekk to inspirerande  og berikande kursdagar »

«Vi møtte ei energisk, klok og reflektert dame som heile tida hadde fokus på bevisstgjering av leiarrolla og korleis utøvinga av denne påverkar resultata våre.»

«Ein dag med Ann Lovis var for min del var magisk»

«Ann Lovis er ei kunnskapsrik, sprudlande og energisk dame som gir av seg sjølv og har gjort meg meir medviten på dei gode leiareigenskapane mine. Ho har hjelpt meg til å finne verdiar som er grunnleggjande for meg som menneske og som eg ikkje har evna å finne på eiga hand».

Ann Lovis Haanes

Dagleg leiar Meta-Coach og kurshaldar

Tlf: +47 95 89 23 97 E-post: annlovis@mentik.no

Meta-Coach Ann Lovis Haanes

 

SUMO-programmet

SUMO-programmet er sett saman av elementa:
SKYGGING, UTVIKLING, META-COACING og OPPFØLGING

SKYGGING
Skygging er ein metode som gir leiar høve til å få direkte tilbakemeldingar frå faktiske situasjonar og på reelle arenaer. Coach observerer t.d. leiarmøter, medarbeidersamtalar, teamarbeid eller områder som ein ynskjer særleg utvikling på.

UTVIKLING
Programmet byggjer mellom anna på modellar og metodikk frå «Unleashing Self-Actualizing Leadership» av dr. L Michael Hall

META-COACHING
Som leiar får du gjennom Meta-Coaching individuell mental styrketrening, personleg støtte, tilpassa oppgåver, utfordringar og øvingar.

OPPFØLGING
Mange leiarar kjenner behovet for å diskutere konkrete problemstililngar, utfordringar og aktuelle løysingar. Oppfølging inneber høve til drøfting, diskusjon og sparring med ein nøytral part. Denne delen av programmet kan gjennomførast via skype, telefon og e-post.

SUMO-programmet gir grunnlag for å søke om OU-midlar gjennom KS.
Mentik kjem gjerne til di kommune for å informere om programmet og bli kjent med dykkar behov.

Ta kontakt for vidare avtale. tlf 95 89 23 97
Eller send inn skjema:

Ja takk, eg vil gjerne bestille eller avtale møte

  • Mentik kontaktar deg innan to arbeidsdagar for vidare avtale

Bestill

Ja takk, eg vil gjerne bestille eller avtale møte

  • Mentik kontaktar deg innan to arbeidsdagar for vidare avtale

Teamutvikling i 2 steg

Velkomen til to dagar med utfordrande, støttande, humørfylt og effektfull mental styrketrening for heile teamet.

Første steg – Utforsking av eige team

Dagen inneheld teoretisk gjennomgang, teamcoaching og praktiske øvingar. Vi analyserer teamet og utforskar ulikheiter, preferansar, arbeid- og kommunikasjonsstil. Vi nyttar verktyet 4MAT for å opne for ny forståing og auka interesse for korleis ein kan kommunisere og samarbeide lettare og meir effektivt innanfor eigen organisasjon, gruppe eller bedrift.

Andre steg – Framdrift for teamet

Vi tek med oss modellane frå steg 1, og nyttar desse i høve til teamet sin eigne utfordringar og målsettingar. Denne dagen jobbar vi med med praktiske løysingar og korleis ein kan handtere hindringar, skape større motivasjon og framdrift på fokusoråder som er viktige akkurat for ditt team. Dagen er sett saman av praktiske øvingar, teamcoaching og teoretisk gjennomgang.

Opplegget passar for desse gruppene:

  • Team mellom 5 – 10 deltakarar.
  • Team med utviklingsiver
  • Team som har utfordringar knytt til samarbeid, kommunikasjon eller framdrift
  • Team som ynskjer styrking
  • Team som vil spele kvarandre gode
  • Grupper som ynskjer å utvikle seg frå å vere ei samarbeidande gruppe til å bli eit solid team.

 

Om Mentik:

Ann Lovis Haanes er utdanna Cand Polit med hovudfag i psykologi og ACMC Meta-Coach, lang erfaring som rådgjevar og leiar i PPT, erfaring som seniorinspektør i Arbeidstilsynet med ansvar for psykososialt og organisatorisk arbeidsmiljø. Sertifisert i Jung Type Index (JTI) og Teamkompass, og sertifisert i 4MAT Master training design.

Mentik

Stålhaugen 9

6065 Ulsteinvik

Tlf: 95 89 23 97

E-post: post@mentik.no Facebook: facebook.com/mentik.no

 

Ann Lovis Haanes Dagleg leiar Meta-Coach og kurshaldar

Tlf: +47 95 89 23 97 E-post: annlovis@mentik.no

Meta-Coach Ann Lovis Haanes

 

 

 

Personalseminar

Mentik hjelper deg med å skape eit utbytterikt personlaseminar, som styrkar teamet.

Er du oppteken av :

  • gode målretta prosessar?
  • at arbeidslaget, leiargruppa, teamet eller bedrifta skal ha utbytte også etter at seminaret er over?
  • nyttige modellar, verkty og teknikkar?
  • utvikling og vekst?
  • samspel, samarbeid og meistring?

Mentik skreddarsyr opplegget etter ditt behov og kan bidra med:

  • kurs
  • leiarutvikling
  • workshops
  • teamcoaching
  • utviklingsprosessar

Ta kontakt for meir informasjon om kva Mentik kan tilby:

På telefon (gjerne SMS): 95 89 23 97
I melding på e-post: annlovis@mentik.no
I melding på Facebook: facebook.com/mentik.no

 

 

 

Referansar

 

 

Tilbakemeldingar frå kursdeltakarar og coachingkundar: 

«Ein dag med Ann Lovis var for min del var magisk. Ho sette fokus på det positive, samt ho ruska i det usagte. Det at ho brukte IGP og 4mat-modellen, ga oss ei anna oppfating av medarbeidarane våra. Vi måtte tenke nytt og reflektere over dei tankane og meiningane vi hadde om oss sjølv og om andre.

Vi måtte ta på oss nye brille og sjå kvardagen frå fleire perspektiv. Eg vil absolutt anbefale Ann Lovis til din kursdag.

Ann Lovis er eit fyrverkeri av ei dame, ho er modig, reflektert og ser fort kvar «skoen trykke» og så spelar ho vidare på det. Ho tar kloke og reflekterte val og strekker strikken såååå lang ho kan … for å få alle med. Vi gler oss til vidare samarbeid, både individuelt og i grupper.»

Styrar i Stette barnehage, Marianne Nesvik Tøsse

 

«Utdanningsforbundet Herøy leigde Ann-Lovis for leiarmedlemmane i organisasjonen. Bestillinga var «Sjølvleiing og leiarskap». 

Korleis utvinne medarbeidergull og korleis spele deg sjølv og andre gode? Eit foredrag om handlekraft, lagspel og stoltheit i leiarskap.

Vi møtte ei energisk, klok og reflektert dame som heile tida hadde fokus på bevisstgjering av leiarrolla og korleis utøvinga av denne påverkar resultata våre.

Ho kom med konkrete tips til barnehage- og skulekvardagen der ho påpeika verdien av mangfald og viktigheita av å leite etter gull hos dei vi som leiarar skal leie. Vi sat att med både påfyll og refleksjon.

Kan anbefalast!»

Leiarrepresentant i Utdanningsforbundet Herøy, Marit Lillestøl

 

«Ann Lovis Haanes er ein inspirerande foredragshaldar og ein svært profesjonell coach. Vi tilbyr alle våre leiarar individuell coaching og ser at Ann Lovis har den erfaring og kunnskap som skal til for at kvar enkelt opplever personleg utvikling i sitt leiarskap. Ann Lovis støttar og utfordrar oss i konkrete daglege utfordringar, men også i djuptliggande verdiar og eigenskapar. Coaching gjennom Mentik er eit positivt – så og seie naudsynt – supplement til vår interne leiaroppfølging.»

Personalsjef i Skodje, Malin Piegsa.

 

«Jeg har holdt på med idrett i 20 år og vært på mye kurs og foredrag opp igjennom årene, men dette var noe av det beste. Mentik coaching er er inspirerende og meget verdifullt!»

Ålesund taekwondoklubb og Sales and Reqruitment manager at 7ocean people, Ronny Eidsvik

 

«Dersom du som person er klar for å ta tak i deg sjølv, vil eg på det sterkaste annbefale Ann Lovis Haanes som coach. Ho skaper den tryggheit og gir deg den utfordring du treng for å hjelpe deg til å finne den beste i deg sjølv. Ver aldri redd for å prøve.»

Fagkoordinator Ulstein kommune, Kari Warholm.

 

«Ann Lovis er ein svært dyktig coach med ei unik evne til å skape trygge rammer for personleg vekst og utvikling hjå deltakaren. Ho er veldig engasjert og har ei genuin interesse for faget og for den enkelte deltakar.»

Gunn Hofset, soneleiar Ulstein kommune

 

«SUMO-programmet har gjort leiargruppa vår tryggare på kvarandre, gitt oss innsyn i korleis vi oppfattar oss sjølve som leiartypar og gjort oss merksam på for kva for roller vi fyller i gruppa.

SUMO-programmet og coaching frå dyktige Ann Lovis Haanes har vore til særs god hjelp og støtte den første tida som fersk leiar i skulen.»

Anne Marthe Ekrem, rektor Skodje kommune

 

«Jeg er meget fornøyd med at 7ocean People brukte Mentik for å styrke samhandlingen og utviklingen i selskapet vårt. Dette ble gjort på en klok men også effektiv måte slik at vi så et resultat av vårt felles forbedringsarbeid i løpet av kort tid. Vi kommer til bruke Ann Lovis og Mentik igjen.»

Pål Midtsæther Grødahl, Sales & Recruitment Manager 7ocean People

 

«Morbus Addison Forening Møre og Romsdal lokallag har benyttet Ann Lovis Haanes som foredragsholder på vårt årsmøte på Hotell Union Geiranger. Tema : Mestring. Et meget godt foredrag, som alle var svært fornøyde med.»

Conrad A. Spica

 

«Eg vil absolutt anbefale Mentik vidare til bedrifter som treng veiledning. Coachinga har vore nyttig både for teamet og for den enkelte leiar. Eg meiner at det ein får desidert best utbytte av, er å kombinere personleg coaching med team-coaching. Den beste prosessen får ein når dette kan gå hand i hand.

Eg er veldig fornøgd med den jobben Ann Lovis gjer,  og merkar at eg alltid får påfyll av energi og kjenner meg meir opplagd når eg går ut frå coachingsamtalane.»

Sindre Vattøy, Plass-sjef Sandanger AS

 

«Å delta på kurs med hos Mentik var kjempenyttig! Teamet vårt fekk to inspirerande og berikande kursdagar. Vi vart meir bevisste på våre roller, og vi såg lettare fordelane ved at deltakarane i teamet er så ulike. Vi vart også enda tryggare på kvarandre. Og noko av det beste var at det eg lærte, og dei tilbakemeldingane eg fekk,  har vore så nyttig i etterkant av samlinga. Eg syns alle burde få sjansen til å eit slikt kurs.»

Ingebjørg Rønnestad NAV Herøy

 

«Vi hadde to bevisstgjerande og utbytterike dagar med Mentik. Arbeidet med typologi og teamkompass gjorde oss meir bevisste på ulikeheiter og kommunikasjonsstilar hos kvarandre. Dette har i ettertid gjort det lettare å samarbeide, kommunisere og fordele oppgåver. Vi respekterer kvarandre og kan setje pris at vi er ulike på ein heilt annan måte enn før. Mentik har bidrege til at vi no fungerer betre som eit team og har lukkast med mange av våre nye oppgåver. Som kurshaldar var Ann Lovis svært inspirerande, og nytta presentasjonsmetoder som passa  for alle, uansett læringsstil. Eg kan absolutt anbefale teamutvikling med Mentik!»

Ester Stephan, Avdelingsleiar for avd.elevteneste på Herøy Vgs.

 

«Takk for det vi fikk hos deg. Teamet vart meir samansveisa og er meir saman om det vi gjer, om du forstår. Det gjorde godt! Det er veldig bra å kjenne på at vi fortatt jobber godt saman som eit team. Dette har holdt seg gjennom tida som har gått etter at vi jobba ilag med deg. Positivt for å vidareutvikle jobben vi skal gjere!»

PPT Herøy, Ruth S. Torgersen

 

«Eg visste veldig lite om kva eg gjekk til når eg begynte med coachingsamtalar hos Ann Lovis. Eg fekk så masse meir ut av det enn eg forventa. Eg fekk større motivasjon og meir pågangsmot og eg fekk fullført dei tinga eg gjekk å tenkte på. Eg vil anbefale coaching hos Ann Lovis på det varmaste. Ho er en herleg person og ein veldig dyktig coach»

Kvinne 33 år, Herøy

 

«Tusen takk for supre timar godaste Ann Lovis. Du har gitt meg trua på ei betre framtid. Timane er verdt si vekt i gull!»

Kvinne 29 år, Ulstein

 

«Jeg har nå fått jobb slik jeg ønsket, og vil takke deg for jobben du gjorde med å få meg på hugget. Det var til uvurderlig hjelp for meg»

Mann 59 år, Ulstein

 

«Utbyttet har vore større enn forventa, både i sjølve prosessen men også i ettertid. Eg opplever at eg taklar utfordringar på andre måtar no enn før. Eg ser at eg kan bruke erfaringar frå coachingprosessen også på andre områder enn det vi har jobba spesifikt med. Coachingprosessen har vore bevisstgjerande på fleire plan».

Kvinne 41 år, Ulstein

Bestill prøvesamtale på sms

Det er lett å bestille din første Coachingsamtale. Bruk telefon, sms, facebook eller e-post.

Ein vanleg coachingpakke er på 5, 10 eller 20 samtalar og startar alltid med ein uforpliktande introduksjonstime. Denne samtalen er alltid gratis, slik at du sjølv kan finne ut om coaching er noko for deg. Introduksjonssamtalen er også sett av til informasjon, avklaring, målformulering og til å setje opp samarbeidsplan.

Mentik tilbyr Coaching både i Nerskøyløa på Skodje og på Stålhaugen i Ulsteinvik.

Tlf: 95 89 23 97

E-post: annlovis@mentik.no

Facebook: facebook.com/mentik.no

Ann Lovis Haanes

 

Ann Lovis Haanes
Dagleg leiar
Meta-Coach og kurshaldar

 

Klar for ei endring?

Å gå til coaching kan på mange måtar samanliknast med å ha din eigen personlege trenar. Du får hjelp til å sjå målet ditt tydeleg, og du får ein støttespelar som følgjer deg heilt fram til målet.

Mental styrketrening

Saman med Mentik hentar du fram dine personlege mentale styrkar, og vi driv verkeleg styrketrening som både kan merkast og målast. Som styrketrenar vil coachen også vere der for å heie, stimulere til innsats og pushe deg om du misser fokus. Vi nyttar velprøvde og effektive coachingmetodar.

Kva metodar har Mentik i verktykassa?

Korleis går coaching føre seg?

Coachingsamtalane går vanlegvis føre seg på Mentik sitt kontor på Stålhaugen i Ulsteinvik. her har vi inspirerande utsikt og er samstundes skjerma mot innsyn. Vi sit i vanlege stolar, og coachen vil ha ansvaret for å styre samtalen. Dersom du ynskjer det, kan samtalane også gå føre seg på Skype eller på ditt eige kontor.

Passar coaching for alle?

Coachingmetodane som Mentik nyttar, har relevans for alle menneske. Difor vert dei nytta til å skape endring både i forretningsliv og privatliv. Dersom du ynskjer endring eller utvikling på eitt eller fleire område i livet ditt, vil du ha nytte og utbytte av coaching. For å lukkast gjennom coaching må du sjølv vere innstilt på å gjere ein innsats.

Er du villig til å gjere ein innsast for å nå måla dine?

Bestill ein gratis og uforpliktande introduksjonssamtale:

På telefon (gjerne SMS): 95 89 23 97
I melding på e-post: annlovis@mentik.no
I melding på Facebook: facebook.com/mentik.no

Frå frustrasjon til flyt (JTI)

Bedriftsintern workshop 

  • hjelp til å analysere teamet og oppdage nytten av teamkompass
  • betre utbytte av ulikskapar i teamet
  • større kjennskap til kva arbeidsoppgåver som gir kvar enkelt motivasjon og flyt
  • nye måtar å fordele arbeidsoppgåver på
  • større oversikt over potensiale i eige team
  • meir kunnskap om eigen arbeidsstil
  • meir kunnskap om kommunikasjonsstil
  • kunnskap om typiske teamroller og korleis få utbytte av dei i teamet

Omfang

Ein workshop som dette går normalt over 2 dagar (4 timar + 3 timar). Dette kan tilpassast individuelt.

Jung Type Index

Vi nyttar verktyet Jung Type Index . Dette er i dag eitt av dei mest brukte verktya innan m.a. personleg utvikling, leiarutvikling, karriereutvikling, arbeidsmiljøutvikling og konflikthandtering.

Inkludert i opplegget:

  • Typologianalyse
  • Teamanalyse
  • Teamkompass
  • Teoretisk gjennomgong og praktiske øvingar
  • Hefte om typeforståing
  • Personleg rapport

Ta kontakt for bestilling eller meir informasjon 

På telefon (gjerne SMS): 95 89 23 97
I melding på e-post: annlovis@mentik.no
I melding på Facebook: facebook.com/mentik.no

Læring og formidling (4MAT)

4MAT passar for deg som arbeider med undervisning, formidling, leiing, team- eller organisasjonsutvikling.

Ulike menneske har ulike læringsstilar

Gjennom denne modellen får du ei forståing av læringsstilar, og korleis vi oppfattar og formaterer kunnskap. 4MAT syner deg korleis du engasjerer, motiverer og hentar fram det beste i alle mennesketypar.

Kva er min læringsstil?

Gjennom 4MAT får du innsyn i dine eigne preferansar i høve til korleis du lærer nye ting. Å forstå eigen læringsstil og korleis du oftast samhandlar med verda rundt deg på – gjer deg mellom anna til ein betre teamarbeidar.

Som leiar får du gjennom 4MAT ei betre forståing for eigen preferanse og for korleis du lærer og kommuniserer. Du får også lære teknikkar som er avgjerande for å nå fram til medarbeidarane dine.

Les meir om 4MAT her

Kurs om 4MAT

Ta kontakt for bestilling eller meir informasjon

På telefon (gjerne SMS): 95 89 23 97
I melding på e-post: annlovis@mentik.no
I melding på Facebook: facebook.com/mentik.no