4MAT

4MAT er ein internasjonal prosessmodell som vert nytta innanfor undervisning, formidling, leiing, team- og organisasjonsutvikling.

Kurs om 4MAT

Uike menneske har ulike læringsstilar

Modellen gir deg ei forståing av læringsstilar og korleis vi oppfattar og formaterer kunnskap. 4MAT syner deg korleis du engasjerer, motiverer og hentar fram det beste i alle mennesketypar.

Betre formidling av bodskap og kunnskap

Ved hjelp av 4MAT som verkty kan di bedrift eller i din organisasjonar arbeide strukturert innan mange område.

  • Personalutvikling
  • Leiing
  • Læring
  • Undervisning
  • Formidling
  • Foredrag
  • Sal
  • Service
  • Samtale
  • Teamarbeid

Kva er min læringsstil?

4MAT syner deg din eigen preferanse i høve til korleis du lærer nye ting. Å forstå eigen læringsstil og korleis du oftast samhandlar med verda rundt deg på – gjer deg mellom anna til ein betre teamarbeidar.

Som leiar får du gjennom 4MAT forståing for eigen preferanse, for korleis du lærer og kommuniserer, men også teknikkar som er avgjerande for å nå fram til medarbeidarane dine.

4MAT™ er utvikla av Dr. Bernice McCarthy i 1979, og har seinare blitt utvikla til den prosessmodellen den er i dag. Kjelder til vidare lesing: CoachTeam.no og aboutlearning.dk