Teamutvikling i 2 steg

Velkomen til to dagar med utfordrande, støttande, humørfylt og effektfull mental styrketrening for heile teamet.

Første steg – Utforsking av eige team

Dagen inneheld teoretisk gjennomgang, teamcoaching og praktiske øvingar. Vi analyserer teamet og utforskar ulikheiter, preferansar, arbeid- og kommunikasjonsstil. Vi nyttar verktyet 4MAT for å opne for ny forståing og auka interesse for korleis ein kan kommunisere og samarbeide lettare og meir effektivt innanfor eigen organisasjon, gruppe eller bedrift.

Andre steg – Framdrift for teamet

Vi tek med oss modellane frå steg 1, og nyttar desse i høve til teamet sin eigne utfordringar og målsettingar. Denne dagen jobbar vi med med praktiske løysingar og korleis ein kan handtere hindringar, skape større motivasjon og framdrift på fokusoråder som er viktige akkurat for ditt team. Dagen er sett saman av praktiske øvingar, teamcoaching og teoretisk gjennomgang.

Opplegget passar for desse gruppene:

  • Team mellom 5 – 10 deltakarar.
  • Team med utviklingsiver
  • Team som har utfordringar knytt til samarbeid, kommunikasjon eller framdrift
  • Team som ynskjer styrking
  • Team som vil spele kvarandre gode
  • Grupper som ynskjer å utvikle seg frå å vere ei samarbeidande gruppe til å bli eit solid team.

 

Om Mentik:

Ann Lovis Haanes er utdanna Cand Polit med hovudfag i psykologi og ACMC Meta-Coach, lang erfaring som rådgjevar og leiar i PPT, erfaring som seniorinspektør i Arbeidstilsynet med ansvar for psykososialt og organisatorisk arbeidsmiljø. Sertifisert i Jung Type Index (JTI) og Teamkompass, og sertifisert i 4MAT Master training design.

Mentik

Stålhaugen 9

6065 Ulsteinvik

Tlf: 95 89 23 97

E-post: post@mentik.no Facebook: facebook.com/mentik.no

 

Ann Lovis Haanes Dagleg leiar Meta-Coach og kurshaldar

Tlf: +47 95 89 23 97 E-post: annlovis@mentik.no

Meta-Coach Ann Lovis Haanes