Sommarfryd og miniatyrkatastrofar

sommarkjole

høymole

berrføtt

soltrøtt

iskald vin

berre din

varme blikk

kvepsestikk

 

eigen båt

snekkelåt

krabbeteine

to åleine

hjarteskjel

fersk makrel

kaffikopp

motorstopp

 

grønske-kne

sommarkle

solbrent mage

fotballhage

mammaskåring

heltekåring

heimedømming

kvalperømming

gresk salat

systeprat

grillspyd

sommarfryd

overnatte

caffe latte

solvarm bris

tomt for is

 

solsteik

kjærleik

blomstereng

gitarstreng

lys i luggen

søv i skuggen

bær og fløyte

rotbløyte

 

blåbærtunge

pappaunge

kyss på kinnet

varme minne

heime best

krabbefest

kjempestemning

haust i emning

 

Tekst: Ann Lovis Haanes