Referansar

 

 

Tilbakemeldingar frå kursdeltakarar og coachingkundar: 

«Ein dag med Ann Lovis var for min del var magisk. Ho sette fokus på det positive, samt ho ruska i det usagte. Det at ho brukte IGP og 4mat-modellen, ga oss ei anna oppfating av medarbeidarane våra. Vi måtte tenke nytt og reflektere over dei tankane og meiningane vi hadde om oss sjølv og om andre.

Vi måtte ta på oss nye brille og sjå kvardagen frå fleire perspektiv. Eg vil absolutt anbefale Ann Lovis til din kursdag.

Ann Lovis er eit fyrverkeri av ei dame, ho er modig, reflektert og ser fort kvar «skoen trykke» og så spelar ho vidare på det. Ho tar kloke og reflekterte val og strekker strikken såååå lang ho kan … for å få alle med. Vi gler oss til vidare samarbeid, både individuelt og i grupper.»

Styrar i Stette barnehage, Marianne Nesvik Tøsse

 

«Utdanningsforbundet Herøy leigde Ann-Lovis for leiarmedlemmane i organisasjonen. Bestillinga var «Sjølvleiing og leiarskap». 

Korleis utvinne medarbeidergull og korleis spele deg sjølv og andre gode? Eit foredrag om handlekraft, lagspel og stoltheit i leiarskap.

Vi møtte ei energisk, klok og reflektert dame som heile tida hadde fokus på bevisstgjering av leiarrolla og korleis utøvinga av denne påverkar resultata våre.

Ho kom med konkrete tips til barnehage- og skulekvardagen der ho påpeika verdien av mangfald og viktigheita av å leite etter gull hos dei vi som leiarar skal leie. Vi sat att med både påfyll og refleksjon.

Kan anbefalast!»

Leiarrepresentant i Utdanningsforbundet Herøy, Marit Lillestøl

 

«Ann Lovis Haanes er ein inspirerande foredragshaldar og ein svært profesjonell coach. Vi tilbyr alle våre leiarar individuell coaching og ser at Ann Lovis har den erfaring og kunnskap som skal til for at kvar enkelt opplever personleg utvikling i sitt leiarskap. Ann Lovis støttar og utfordrar oss i konkrete daglege utfordringar, men også i djuptliggande verdiar og eigenskapar. Coaching gjennom Mentik er eit positivt – så og seie naudsynt – supplement til vår interne leiaroppfølging.»

Personalsjef i Skodje, Malin Piegsa.

 

«Jeg har holdt på med idrett i 20 år og vært på mye kurs og foredrag opp igjennom årene, men dette var noe av det beste. Mentik coaching er er inspirerende og meget verdifullt!»

Ålesund taekwondoklubb og Sales and Reqruitment manager at 7ocean people, Ronny Eidsvik

 

«Dersom du som person er klar for å ta tak i deg sjølv, vil eg på det sterkaste annbefale Ann Lovis Haanes som coach. Ho skaper den tryggheit og gir deg den utfordring du treng for å hjelpe deg til å finne den beste i deg sjølv. Ver aldri redd for å prøve.»

Fagkoordinator Ulstein kommune, Kari Warholm.

 

«Ann Lovis er ein svært dyktig coach med ei unik evne til å skape trygge rammer for personleg vekst og utvikling hjå deltakaren. Ho er veldig engasjert og har ei genuin interesse for faget og for den enkelte deltakar.»

Gunn Hofset, soneleiar Ulstein kommune

 

«SUMO-programmet har gjort leiargruppa vår tryggare på kvarandre, gitt oss innsyn i korleis vi oppfattar oss sjølve som leiartypar og gjort oss merksam på for kva for roller vi fyller i gruppa.

SUMO-programmet og coaching frå dyktige Ann Lovis Haanes har vore til særs god hjelp og støtte den første tida som fersk leiar i skulen.»

Anne Marthe Ekrem, rektor Skodje kommune

 

«Jeg er meget fornøyd med at 7ocean People brukte Mentik for å styrke samhandlingen og utviklingen i selskapet vårt. Dette ble gjort på en klok men også effektiv måte slik at vi så et resultat av vårt felles forbedringsarbeid i løpet av kort tid. Vi kommer til bruke Ann Lovis og Mentik igjen.»

Pål Midtsæther Grødahl, Sales & Recruitment Manager 7ocean People

 

«Morbus Addison Forening Møre og Romsdal lokallag har benyttet Ann Lovis Haanes som foredragsholder på vårt årsmøte på Hotell Union Geiranger. Tema : Mestring. Et meget godt foredrag, som alle var svært fornøyde med.»

Conrad A. Spica

 

«Eg vil absolutt anbefale Mentik vidare til bedrifter som treng veiledning. Coachinga har vore nyttig både for teamet og for den enkelte leiar. Eg meiner at det ein får desidert best utbytte av, er å kombinere personleg coaching med team-coaching. Den beste prosessen får ein når dette kan gå hand i hand.

Eg er veldig fornøgd med den jobben Ann Lovis gjer,  og merkar at eg alltid får påfyll av energi og kjenner meg meir opplagd når eg går ut frå coachingsamtalane.»

Sindre Vattøy, Plass-sjef Sandanger AS

 

«Å delta på kurs med hos Mentik var kjempenyttig! Teamet vårt fekk to inspirerande og berikande kursdagar. Vi vart meir bevisste på våre roller, og vi såg lettare fordelane ved at deltakarane i teamet er så ulike. Vi vart også enda tryggare på kvarandre. Og noko av det beste var at det eg lærte, og dei tilbakemeldingane eg fekk,  har vore så nyttig i etterkant av samlinga. Eg syns alle burde få sjansen til å eit slikt kurs.»

Ingebjørg Rønnestad NAV Herøy

 

«Vi hadde to bevisstgjerande og utbytterike dagar med Mentik. Arbeidet med typologi og teamkompass gjorde oss meir bevisste på ulikeheiter og kommunikasjonsstilar hos kvarandre. Dette har i ettertid gjort det lettare å samarbeide, kommunisere og fordele oppgåver. Vi respekterer kvarandre og kan setje pris at vi er ulike på ein heilt annan måte enn før. Mentik har bidrege til at vi no fungerer betre som eit team og har lukkast med mange av våre nye oppgåver. Som kurshaldar var Ann Lovis svært inspirerande, og nytta presentasjonsmetoder som passa  for alle, uansett læringsstil. Eg kan absolutt anbefale teamutvikling med Mentik!»

Ester Stephan, Avdelingsleiar for avd.elevteneste på Herøy Vgs.

 

«Takk for det vi fikk hos deg. Teamet vart meir samansveisa og er meir saman om det vi gjer, om du forstår. Det gjorde godt! Det er veldig bra å kjenne på at vi fortatt jobber godt saman som eit team. Dette har holdt seg gjennom tida som har gått etter at vi jobba ilag med deg. Positivt for å vidareutvikle jobben vi skal gjere!»

PPT Herøy, Ruth S. Torgersen

 

«Eg visste veldig lite om kva eg gjekk til når eg begynte med coachingsamtalar hos Ann Lovis. Eg fekk så masse meir ut av det enn eg forventa. Eg fekk større motivasjon og meir pågangsmot og eg fekk fullført dei tinga eg gjekk å tenkte på. Eg vil anbefale coaching hos Ann Lovis på det varmaste. Ho er en herleg person og ein veldig dyktig coach»

Kvinne 33 år, Herøy

 

«Tusen takk for supre timar godaste Ann Lovis. Du har gitt meg trua på ei betre framtid. Timane er verdt si vekt i gull!»

Kvinne 29 år, Ulstein

 

«Jeg har nå fått jobb slik jeg ønsket, og vil takke deg for jobben du gjorde med å få meg på hugget. Det var til uvurderlig hjelp for meg»

Mann 59 år, Ulstein

 

«Utbyttet har vore større enn forventa, både i sjølve prosessen men også i ettertid. Eg opplever at eg taklar utfordringar på andre måtar no enn før. Eg ser at eg kan bruke erfaringar frå coachingprosessen også på andre områder enn det vi har jobba spesifikt med. Coachingprosessen har vore bevisstgjerande på fleire plan».

Kvinne 41 år, Ulstein