Klar for ei endring?

Å gå til coaching kan på mange måtar samanliknast med å ha din eigen personlege trenar. Du får hjelp til å sjå målet ditt tydeleg, og du får ein støttespelar som følgjer deg heilt fram til målet.

Mental styrketrening

Saman med Mentik hentar du fram dine personlege mentale styrkar, og vi driv verkeleg styrketrening som både kan merkast og målast. Som styrketrenar vil coachen også vere der for å heie, stimulere til innsats og pushe deg om du misser fokus. Vi nyttar velprøvde og effektive coachingmetodar.

Kva metodar har Mentik i verktykassa?

Korleis går coaching føre seg?

Coachingsamtalane går vanlegvis føre seg på Mentik sitt kontor på Stålhaugen i Ulsteinvik. her har vi inspirerande utsikt og er samstundes skjerma mot innsyn. Vi sit i vanlege stolar, og coachen vil ha ansvaret for å styre samtalen. Dersom du ynskjer det, kan samtalane også gå føre seg på Skype eller på ditt eige kontor.

Passar coaching for alle?

Coachingmetodane som Mentik nyttar, har relevans for alle menneske. Difor vert dei nytta til å skape endring både i forretningsliv og privatliv. Dersom du ynskjer endring eller utvikling på eitt eller fleire område i livet ditt, vil du ha nytte og utbytte av coaching. For å lukkast gjennom coaching må du sjølv vere innstilt på å gjere ein innsats.

Er du villig til å gjere ein innsast for å nå måla dine?

Bestill ein gratis og uforpliktande introduksjonssamtale:

På telefon (gjerne SMS): 95 89 23 97
I melding på e-post: annlovis@mentik.no
I melding på Facebook: facebook.com/mentik.no